Kreftbehandling kan vere krevjande, men fysisk aktivitet kan gi meir energi, betre funksjon og auka livskvalitet.
Vi inviterer deg som har eller har hatt kreft til å bli med på eit tilrettelagt treningstilbod med fokus på styrke, energi, meistring og fellesskap.
Du treng ikkje vere i god form for å delta.
Kom som du er. Vi tek stega saman.