Frisklivssentralen Høyanger

Informajonsbrev Mai og Juni del 2

Informajonsbrev Mars og April del 1

Ny rapport: Frisklivssentralane aukar livskvaliteten til deltakarane

Først publisert: 24.09.2025 Siste faglige endring: 24.09.2025 Tilboda i frisklivssentralane når dei rette gruppene og gir pasientane betre fysisk og psykisk helse, viser ein ny rapport frå Helsedirektoratet. Rapporten Arbeidet i og effekt av tilbodet i kommunale frisklivssentralar, som er laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, konkluderer med at frisklivssentralane er eit kostnadseffektivt verkemiddel mot ikkje-smittsame sjukdomar. Mange nordmenn har kroniske sjukdomar som diabetes, kols, hjarte- og karsjukdomar, muskel- og skjelettplager og psykiske lidingar. I tillegg aukar delen som har overvekt og fedme – faktorar som gir høgare risiko for dårleg helse og livskvalitet. – Mange av desse helseutfordringane kan førebyggjast og handterast dersom den enkelte får god rettleiing og støtte. Rapporten viser at dei kommunale frisklivssentralane når høgrisikogrupper og personar med samansette helseutfordringar, og er eit effektivt tilbod som vi meiner bør styrkjast, helsedirektør Cathrine M. Lofthus God oppfølging og betre kondisjon Rapporten er ein del av eit oppdrag om å greie ut nye oppfølgingsmodellar for «grøn resept» – altså at fastlegar gir rettleiing om kosthald, fysisk aktivitet og/eller røykeslutt som eit alternativ til eller tillegg til medikamentell behandling for visse pasientgrupper. Fastlegen kan følgje opp pasienten sjølv eller i samarbeid med frisklivssentralen. – Rapporten viser at deltakarane i tilboda ved frisklivssentralane oppnår gode resultat, seier Lofthus – Dei rapporterer om betre livskvalitet og positive endringar i fysisk og psykisk helse etter deltaking, og at dei får god støtte til å endre levevanar. Det viser seg i form av betre kondisjon, redusert KMI og midjemål – faktorar som til dømes reduserer risikoen for å utvikle diabetes, seier Lofthus. Foreslår å styrke frisklivssentralane Frisklivssentralane har potensial til å styrkje den helsefremjande og førebyggjande innsatsen i kommunehelsetenesta. Helsedirektoratet foreslår mellom anna følgjande tiltak som bør vurderast: Styrke helsetenester som gir støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar for vaksne og eldre. Styrke samarbeid mellom frisklivssentralar, fastlegar, NAV, spesialisthelsetenesta og andre aktørar. Utvikle modellar for interkommunalt samarbeid og digitale behandlingstilbod. Informere betre om tenesta. – Det er avgjerande at helse- og omsorgstenesta vert dreidd mot meir førebygging. Gjennom frisklivssentralane kan vi hjelpe deltakarane til å gjere endringar i levevanar som gir betre helse for den enkelte. På samfunnsnivå vil ei friskare befolkning gi store innsparingar i helsebudsjetta, seier Lofthus. Helsedirektoratet (2025). Frisklivssentralane aukar livskvaliteten til deltakarane [nettdokument]. Oslo: Helsedirektoratet (siste faglige endring 24. september 2025, lest 24. september 2025). Tilgjengelig fra https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/frisklivssentralane-aukar-livskvaliteten-til-deltakarane

Dagens kontor :)

Informajonsbrev Mai og Juni del 1

Frivilligdag 26.Mai.2025

Aktive frivillige frå Frisklivsentralen og Frivilligsentralen deltok måndag 26 mai kl 18.00 – 20.00 på kantina på helsesenteret. Det vart servert pastasalat med focaccia, kaffe og brus. Totalt inviterte vi 29 frivillige til arrangementet, kor 19 deltok. Kjekk feiring av frivilligheita! Først mat og hyggelig prat - det summa godt rundt borda. Deretter litt info om kvelden, og alle dei frivillige fekk introdusere seg sjølv og den aktiviteten dei representerte før vi gjekk over til temaet for samlinga. Temaet for samlinga: korleis få med seg fleire menn, både som frivillige og som deltakarar. Dei frivillige delte seg inn i grupper på fire fem personar og diskuterte • Korleis fleire menn kan bli aktive frivillige og/eller delta på aktivitetane våre. Mange gode forslag kom inn. Det er pr i dag overvekt av kvinner ved våre aktivitetar. • Hausten 2025: Kva aktivitetar kan vi/bør vi ha meir eller mindre av. Kva kan vi gjere for å få det til? Er det noko vi bør endre. Aktivitetane til dei frivillige i frivilligsentralen: Instruktør for symjing (symje kurs for kvinner) Danseaktivitetar Språk kafé Fotballkveldar Handarbeidskveldar Anna frivillig arbeid/aktivitet Treningsgrupper drifta av frivillige i Frisklivssentralen: «Krafttak for menn» Sterk og Stødig i Vadheim Sterk og stødig i Høyanger Turgruppe i Høyanger Strikktrening i Høyanger Styrketrening for seniorar i Lavik Styrketrening for seniorar på Lavikedalen Totalt ligg arbeidstimar ein plass mellom 15-25 timar i veka for dei frivillige i Frisklivssentralen og Frivillighetssentralen, nokre veker meir. Svært positive, rause og omsorgsfulle aktive frivillige, som brenn for sitt tilbod 😊 Utan desse hadde vi ikkje klart å halde eit så godt tilbod som vi har pr i dag. Frisklivssentralen avsluttar alle tilbod for sommaren innan 20.Juni, mens frivillighetssentralen 1.Juli. TAKK til dykk alle, samt til deltakarane på aktivitetane våre! God sumar, sjåast til hausten 😊

Informajonsbrev Mars og April del 2